Visjon og verdigrunnlag

Stolt - Audmjuk - Inkluderande

Visjon

liten - men stor

Hødd skal famne både topp og breidde, og vere ein samfunnsutviklar i Ulstein og regionen - samt vere ein del av norsk toppfotball.

Hødd har vist at ein med små ressursar kan kome inn i toppfotballen og vere der over lang tid. Lokal forankring og spelarutvikling har vore og blir ein viktig suksessfaktor.
”Hødd-ånda” – ”Gull av gråstein.

Hødd er ingen storklubb frå ein storby, men har gjennom gode prestasjonar skapt store opplevingar og tukta dei største og sterkaste.

Med hardt arbeid og sterk tru er det meste mogleg.
Der andre ser begrensingane ser Hødd muligheitene.

Verdigrunnlag

STOLT
I Hødd er vi stolte av klubben, prestasjonane og aktiviteten.
Vi viser dette gjennom stor entusiasme, engasjement og respekt for kvarandre.

AUDMJUK
Gjennom ”Hødd-ånda” er hardt arbeid, folkeskikk og ærleg spel ein viktig del av grunnfjellet.

INKLUDERANDE
I Hødd tek vi vare på alle og fellesskapet gjev oss styrke.
I samarbeid med andre klubbar, næringsliv og det offentlege skal vi utvikle klubben vidare.

Annonse: